forskjell → skilnad Denne valfridommen gjeld synonyma "forskjell" og "skilnad". Med dette valet blir "forskjell" erstatta med "skilnad". Valfridommen dekkjer dei fleste samansetningane som inneheld "forskjell" også. Eksempel på ord valfridommen treffer: forskjell → skilnad til forskjell frå → til skilnad frå Merk at dette valet ikkje endrar orda "forskjellsbehandle", "forskjellsbehandling", "Forskjells-Noreg". forskjell → skilnad samd → einig, semje → einigheit Denne valfridommen gjeld synonyma "samd" og "semje" og "einig" og "einigheit". Med dette valet blir "samd" erstatta med "einig" og "semje" med "einigheit". Valfridommen dekkjer samansetningar og avvleiingar som inneheld "samd" og "semje" også. Eksempel: samd → einig semje → einigheit oppmode → oppfordre, oppmoding → oppfordring Denne valfridommen gjeld synonyma "oppmode" og "oppfordre". Med dette valet blir "oppmode" erstatta med "oppfordre". Valfridommen dekkjer samansetningar og avvleiingar som inneheld "oppmode". Eksempel på ord valfridommen treffer: oppmode → oppfordre oppmoding → oppfordring anten → enten Denne valfridommen gjeld ordet "anten". Med dette valet blir a-en erstatta med ein e. Eksempel: anten → enten mellom anna → blant anna Denne valfridommen gjeld synonyma "mellom anna" og "blant anna". Med dette valet blir "mellom anna" erstatta med "blant anna". Eksempel: mellom anna → blant anna lova → loven, prislova → prisloven, apa → apen ofl. Denne valfridommen gjeld enkelte substantiv som kan bøyast som både hokjønn og hankjønn. Med dette valet blir hokjønnsbøyinga erstatta med hankjønnsbøying. Eksempelvis blir "blokka" til "blokken" med dette valet. Valet gjeld også samansetningar med denne gruppa med ord. Eksempel på ord valfridomen treffer: apa → apen blokka → blokken grada → graden grunna → grunnen kassa → kassen klaga → klagen krisa → krisen kulda → kulden lampa → lampen Dette valet dekkjer orda: ape, bøye, blokk, grad, grunne, kasse, klage, krise, kulde, lampe, lov, maskin, nytte, olje, potet, prøve, pinse, påske, scene, sinke, ørn, anretning, demning, festning, forlegning, legning, pakning og strekning. banen → bana, jernbanen → jernbana, teksten → teksta ofl. Denne valfridommen gjeld enkelte substantiv som kan bøyast som både hokjønn og hankjønn. Med dette valet blir hankjønnsbøyinga erstatta med hokjønnsbøying. Eksempelvis blir "banen" til "bana" med dette valet. Valet gjeld også samansetningar med denne gruppa med ord. Eksempel på ord valfridommen treffer: flammen → flamma kaien → kaia klassen → klassa krabben → krabba kunsten → kunsta larven → larva pakken → pakka persillen → persilla planten → planta Dette valet dekkjer orda: art, bane, beskjed, dialekt, dump, farge, flamme, kai, klasse, krabbe, kunst, larve, meis, pakke, persille, plante, bete, stamme, svikt, synagoge, takk, takt, tale, tekst, tillit, trost, bygning, doning, kledning, ladning, leidning, munning, pasning og rydning. medlemskapen → medlemskapet, eigarskapen → eigarskapet ofl. Denne valfridommen gjeld enkelte substantiv som kan bøyast som både inkjekjønn og hankjønn. Med dette valet blir hankjønnsbøyinga erstatta med ei inkjekjønnsbøying. Eksempelvis blir "kameratskapen" til "kameratskapet" med dette valet. Valet gjeld også samansetningar med denne typen ord. Eksempel på ord valfridommen treffer: amatørskapen → amatørskapet bodskapen → bodskapet eigarskapen → eigarskapet fiendskapen → fiendskapet forfattarskapen → forfattarskapet kameratskapen → kameratskapet leiarskapen → leiarskapet medlemskapen → medlemskapet meisterskapen → meisterskapet rekneskapen → rekneskapet slektskapen → slektskapet vennskapen → vennskapet Merk at dette valet ikkje dekkjer orda: vitskap, veikskap, eigenskap, reiskap, slektskap, fangenskap, grevskap, ekteskap, selskap, arkivskap og fleire. motsetning → motsetnad Denne valfridommen gjeld synonyma "motsetning" og "motsetnad". Med dette valet blir "motsetning" erstatta med "motsetnad". Valfridommen dekkjer også samansetningar som inneheld "motsetning". Eksempel: motsetning → motsetnad talet på → antal Denne valfridommen gjeld uttrykket "talet på" og ordet "antal". Med dette valet blir "talet på" erstatta med "antal". Eksempel: talet på → antal veps → kvefs Denne valfridommen gjeld synonyma "veps" og "kvefs". Med dette valet blir "veps" erstatta med "kvefs". Valfridommen dekkjer også samansetningar som inneheld "veps". Eksempel: veps → kvefs i tilfelle → i fall Denne valfridommen gjeld synonyma "i tilfelle" og "i fall". Med dette valet blir "i tilfelle" erstatta med "i fall". Eksempel: i tilfelle → i fall blomster → blome Denne valfridommen gjeld synonyma "blomster" og "blome". Med dette valet blir "blomster" erstatta med "blome". Valfridommen dekkjer også samansetningar som inneheld "blomster". Eksempel: blomster → blome verken → korkje Denne valfridommen gjeld synonyma "verken" og "korkje". Med dette valet blir "verken" erstatta med "korkje". Eksempel: verken → korkje kvifor → korfor Denne valfridommen gjeld synonyma "kvifor" og "korfor". Med dette valet blir "kvifor" erstatta med "korfor". Eksempel: kvifor → korfor bety → tyde, betydning → tyding Denne valfridommen gjeld synonyma "bety" og "tyde". Med dette valet blir eksempelvis "bety" erstatta med "tyde". Valet dekkjer også avleiingar og samansetningar som inneheld "bety". Eksempel: bety → tyde betydning → tyding blant → mellom Denne valfridommen gjeld synonyma "blant" og "mellom". Med dette valet blir "blant" erstatta med "mellom". Eksempel: blant → mellom byrje → begynne, byrjing → begynning, nybyrjar → nybegynnar, byrjande → begynnande ofl. Denne valfridommen gjeld synonyma "byrje" og "begynne". Med dette valet blir eksempelvis "byrje" erstatta med "begynne". Valet dekkjer også avleiingar og samansetningar som inneheld "byrje". Eksempel: byrje → begynne byrjing → begynning byrjar → begynnar nybyrjar → nybegynnar byrjande → begynnande påbyrje → påbegynne døme → eksempel, til dømes → for eksempel Denne valfridommen gjeld synonyma "døme" og "eksempel". Med dette valet blir eksempelvis "til dømes" erstatta med "for eksempel". Eksempel: døme → eksempel til dømes → for eksempel førebels → foreløpig Denne valfridommen gjeld synonyma "førebels" og "foreløpig". Med dette valet blir "førebels" erstatta med "foreløpig". Eksempel: førebels → foreløpig begge → båe Denne valfridommen gjeld synonyma "begge" og "båe". Med dette valet blir "begge" erstatta med "båe". Eksempel: begge → båe lagnad → skjebne Denne valfridommen gjeld synonyma "lagnad" og "skjebne". Med dette valet blir eksempelvis "lagnad" erstatta med "skjebne". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "lagnad". Eksempel: lagnad → skjebne framfor → framføre Denne valfridommen gjeld synonyma "framfor" og "framføre". Med dette valet blir "framfor" erstatta med "framføre". Eksempel: framfor → framføre etterspurnad → etterspørsel Denne valfridommen gjeld synonyma "etterspurnad" og "etterspørsel". Med dette valet blir "etterspurnad" erstatta med "etterspørsel". Eksempel: etterspurnad → etterspørsel ramme → råke Denne valfridommen gjeld synonyma "ramme" og "råke". Med dette valet blir "ramme" erstatta med "råke". Eksempel: ramme → råke uhell rammar alle → uhell råkar alle vise → syne Denne valfridommen gjeld synonyma "vise" og "syne". Med dette valet blir "vise" erstatta med "syne". Eksempel: vise → syne det viste seg å vera ein feil → det synte seg å vera ein feil lege → lækjar Denne valfridommen gjeld synonyma "lege" og "lækjar". Med dette valet blir eksempelvis "lege" erstatta med "lækjar". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "lege". Eksempel: lege → lækjar fastlege → fastlækjar fornøgd → nøgd, misfornøgd → misnøgd Denne valfridommen gjeld synonyma "fornøgd" og "nøgd". Med dette valet blir eksempelvis "fornøgd" erstatta med "nøgd". Valet dekkjer også avleiingar som inneheld ordet "fornøgd". Eksempel: fornøgd → nøgd misfornøgd → misnøgd stadfeste → bekrefte, stadfesting → bekrefting, ikkje stadfesta → ubekrefta ofl. Denne valfridommen gjeld synonyma "stadfeste" og "bekrefte". Med dette valet blir eksempelvis "stadfeste" erstatta med "bekrefte". Valet dekkjer også avleiingar og samansetningar som inneheld ordet "stadfeste". Eksempel: stadfeste → bekrefte stadfesting → bekrefting ikkje stadfesta → ubekrefta foreldrestadfesting → foreldrebekrefting totrinnsstadfesting → totrinnsbekrefting hos → hjå Denne valfridommen gjeld synonyma "hos" og "hjå". Med dette valet blir "hos" erstatta med "hjå". Eksempel: hos → hjå kvar → kor Denne valfridommen gjeld synonyma "kvar" og "kor". Med dette valet blir "kvar" erstatta med "kor". Eksempel: kvar → kor også → òg Denne valfridommen gjeld synonyma "også" og "òg". Med dette valet blir "også" erstatta med "òg". Eksempel: også → òg røyndom → verkelegheit Denne valfridommen gjeld synonyma "røyndom" og "verkelegheit". Med dette valet blir "røyndom" erstatta med "verkelegheit". Eksempel: røyndom → verkelegheit Merk at dette valet ikkje råkar uttrykket "i røynda". Om du vil endre dette uttrykket, må du velje "uttrykk: i røynda → i verkelegheita"-valet. uttrykk: i røynda → i verkelegheita (verkeleg, eigentleg; ha rot i røynda) Denne valfridommen gjeld uttrykket "i røynda" og "i verkelegheita". Med dette valet blir "i røynda" erstatta med "i verkelegheita". Eksempel: i røynda → i verkelegheita oversikt → oversyn Denne valfridommen gjeld synonyma "oversikt" og "oversyn". Med dette valet blir eksempelvis "oversikt" erstatta med "oversyn". Valet dekkjer også avleiingar og samansetningar som inneheld ordet "oversikt". Eksempel: oversikt → oversyn oversiktleg → oversynleg mørke → mørker Denne valfridommen gjeld stavinga av "mørke". Med dette valet blir eksempelvis "haustmørke" erstatta med "haustmørker". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "mørke". Eksempel: mørke → mørker haustmørke → haustmørker avgjerd → avgjersle Denne valfridommen gjeld stavinga av "avgjerd". Med dette valet blir "avgjerd" erstatta med "avgjersle". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "avgjerd". Eksempel: avgjerd → avgjersle avl → al Denne valfridommen gjeld stavinga av "avl". Med dette valet blir eksempelvis "avl" erstatta med "al". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "avl". Eksempel: avl → al husdyral → husdyral biavl → bial dronningavl → dronningal feavl → feal å gjenfortelje → å fortelje att Denne valfridommen gjeld verba "å gjenfortelje" og "å fortelje att". Med dette valet blir "å gjenfortelje" erstatta med "å fortelje att". Eksempel: å gjenfortelje → å fortelje att mark → makk Denne valfridommen gjeld synonyma "mark" og "makk". Med dette valet blir "mark" erstatta med "makk". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "mark". Eksempel: mark → makk meitemark → meitemakk nærast → nærmast Denne valfridommen gjeld stavinga av "nærast". Med dette valet blir "nærast" erstatta med "nærmast". Eksempel: nærast → nærmast samtidig → samstundes Denne valfridommen gjeld synonyma "samtidig" og "samstundes". Med dette valet blir "samtidig" erstatta med "samstundes". Eksempel: samtidig → samstundes forslag → framlegg Denne valfridommen gjeld synonyma "forslag" og "framlegg". Med dette valet blir "forslag" erstatta med "framlegg". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "forslag". Eksempel: forslag → framlegg benkeforslag → benkeframlegg førebu seg → bu seg Denne valfridommen gjeld stavinga av "førebu seg". Med dette valet blir "førebu seg" erstatta med "bu seg". Eksempel: førebu seg → bu seg bestille → tinge, bestilling → tinging Denne valfridommen gjeld synonyma "bestille" og "tinge". Med dette valet blir eksempelvis "bestilling" erstatta med "tinging". Valet dekkjer også samansetningar og avleiingar som inneheld ordet "bestille". Eksempel: bestille → tinge bestilling → tinging avbestille → avtinge ankel → okle Denne valfridommen gjeld synonyma "ankel" og "okle". Med dette valet blir "ankel" erstatta med "okle". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "ankel". Eksempel: ankel → okle ankelledd → okleledd nødvendig → naudsynt, unødvendig → uturvande, ikkje-nødvendig → ikkje-naudsynt, nødvendighet → naudsyn, nødvendigvis → naudsynleg Denne valfridommen gjeld stavinga av prefikset "nød-". Med dette valet blir "nød-" erstatta med "naud-". Eksempel: nødvendig → naudsynt unødvendig → uturvande ikkje-nødvendig → ikkje-naudsynt nødvendighet → naudsyn nødvendigvis → naudsynleg Men merk at "unødvendig" blir til "uturvande". dødelegheit → døying, barnedødelegheit → barnedøying Denne valfridommen gjeld stavinga av "dødelegheit". Med dette valet blir "dødelegheit" erstatta med "døying" Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "dødelegheit". Eksempel: dødelegheit → døying barnedødelegheit → barnedøying tek → tar, unnateken → unntatt Denne valfridommen gjeld stavinga av verbet "å ta". Med dette valet blir "tar" og "tatt" erstatta med "tek" og "teke". Valet dekkjer også samansetningar og avleiingar som inneheld verbet "å ta". Eksempel: tek → tar har teke → har tatt overtar → overtek overteken → overtatt unnateken → unntatt halde fram → fortsetje, framhald → fortsetjing Denne valfridommen gjeld synonyma "halde fram" og "fortsetje". Med dette valet blir "halde fram" erstatta med "fortsetje". Eksempel: halde fram → fortsetje framhald → fortsetjing storleik → størrelse Denne valfridommen gjeld synonyma "storleik" og "størrelse". Med dette valet blir "storleik" erstatta med "størrelse". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "storleik". Eksempel: storleik → størrelse nyheit → nyhende, nyheitsbyrå → nyhendebyrå Denne valfridommen gjeld synonyma "nyheit" og "nyhende". Med dette valet blir "nyheit" erstatta med "nyhende". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "nyheit". Eksempel: nyheit → nyhende nyheitsanker → nyhendeanker nyheitsbyrå → nyhendebyrå medviten → bevisst, medvit → bevisstheit Denne valfridommen gjeld synonyma "medviten" og "bevisst". Med dette valet blir "medviten" erstatta med "bevisst". Valet dekkjer også samansetningar og avleiingar som inneheld ordet "medviten". Eksempel: medviten → bevisst medvit → bevisstheit styresmakt → myndigheit Denne valfridommen gjeld synonyma "styresmakt" og "myndigheit". Med dette valet blir "styresmakt" erstatta med "myndigheit". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "styresmakt". Eksempel: styresmakt → myndigheit tilrå → anbefale, tilråding → anbefaling Denne valfridommen gjeld synonyma "tilrå" og "anbefale". Med dette valet blir "tilrå" erstatta med "anbefale". Valet dekkjer også samansetningar og avleiingar som inneheld ordet "tilrå". Eksempel: tilrå → anbefale tilråding → anbefaling stemme → røyste, stemme → røyst, avstemming → røysting, stemmerett → røysterett Denne valfridommen gjeld synonyma "stemme" og "røyste". Med dette valet blir "stemme" erstatta med "røyste". Valet dekkjer også samansetningar og avleiingar som inneheld ordet "stemme". Eksempel: stemme → røyste stemme → røyst avstemming → røysting stemmerett → røysterett tryggleik → sikkerheit, trygging → sikkerheit (jf. trygghet → tryggleik, Tryggingsrådet) Denne valfridommen gjeld synonyma "tryggleik" og "sikkerheit". Med dette valet blir "tryggleik" erstatta med "sikkerheit". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "tryggleik". Eksempel: tryggleik → sikkerheit trygging → sikkerheit tryggingsstyrkar → sikkerheitsstyrkar tryggleikspolitikk → sikkerheitspolitikk beskrive → skildre, beskriving → skildring Denne valfridommen gjeld synonyma "beskrive" og "skildre". Med dette valet blir "beskrive" erstatta med "skildre". Valet dekkjer også samansetningar og avleiingar som inneheld ordet "beskrive", inkludert "beskriving". Eksempel: beskrive → skildre beskriving → skildring ansikt → andlet Denne valfridommen gjeld synonyma "ansikt" og "andlet". Med dette valet blir "ansikt" erstatta med "andlet". Valet dekkjer også samansetningar som inneheld ordet "ansikt". Eksempel: ansikt → andlet ansiktsmaske → andletsmaske enkelt → einskild Denne valfridommen gjeld synonyma "enkelt" og "einskild". Med dette valet blir "enkelt" erstatta med "einskild". Eksempel: enkelt → einskild avskil → avskjed Denne valfridomen gjeld synonyma "avskil" og "avskjed". Med dette valet blir "avskil" erstatta med "avskjed". Eksempel: avskilet → avskjeden overta → ta over Denne valfridomen gjeld verbet "overta" og "ta over". Med dette valet blir "overta" erstatta med "ta over". Eksempel: overta → ta over La sitat stå uomsett Denne valfridomen lar deg skjerma sitat frå omsetjinga. Ord og frasar mellom «sitatteikn» blir ikkje omsette. Eksempel: Kaller seg selv «nedrebyens beste skomaker» → Kallar seg sjølv «nedrebyens beste skomaker» (sitatet ville elles blitt omsett til «den beste skomakaren i nedrebyen»)